Norwegian Nynorsk subtitles for clip: File:Open Data - explained in a nutshell.webm

1
00:00:01,581 --> 00:00:03,776
Opne Data - enkelt forklart

2
00:00:04,522 --> 00:00:09,942
Kvart sekund skapar vi store mengder data. Nokre ser berre ein masse tal.

3
00:00:10,021 --> 00:00:13,962
Samstundes representerer datene dei daglege opplevingane våre:...

4
00:00:13,962 --> 00:00:20,312
...besøk hos doktoren, pendling, vêrforhold, og til og med kor mange parkeringsbøter
som er skrive i gata vår.

5
00:00:21,275 --> 00:00:28,835
Mesteparten av datene er lagra på måtar som gjer dei utilgjengelege, medan noko
informasjon opnar store moglegheiter.

6
00:00:28,835 --> 00:00:32,860
Med opne data så kan vi bruka desse nummera og læra frå dei tilsaman.

7
00:00:35,501 --> 00:00:41,191
Er det nokon kopling mellom regnvêr og henvendingar til doktoren? Eller mellom
pendlarruter og parkeringsbøter?

8
00:00:41,787 --> 00:00:45,167
Med opne data så har vi eit høve til å finna ut av det.

9
00:00:45,589 --> 00:00:50,269
Opne data gjer at entreprenørar kan finna nye måtar å vidareutvikla føretak.

10
00:00:50,323 --> 00:00:53,696
Vitskapsfolk får ei betre forståing av verda vår,

11
00:00:53,696 --> 00:00:57,635
medan borgarar og politikarar kan ta meir informerte avgjerder.

12
00:00:57,635 --> 00:01:03,405
Slik som i det engelske prosjektet «der går pengane mine» som viser skattebetalerane
kor skattepengane vert brukt.

13
00:01:04,691 --> 00:01:07,961
Alle kan kombinera opne data med private data.

14
00:01:08,111 --> 00:01:12,211
Viss du oppdagar noko interessant, eller du skapar nye data som du ynskjer å dela,

15
00:01:12,521 --> 00:01:15,281
så kan du gjera det med verktøy slik som Wikidata.

16
00:01:16,684 --> 00:01:20,684
Det er utalde fordeler ved å gjera informasjon meir tilgjengeleg.

17
00:01:20,793 --> 00:01:24,793
Nokre data som rettvist er fritt tilgjenge idag er lagra på stadar...

18
00:01:25,263 --> 00:01:28,063
... som i praksis gjer dei tilnærma utilgjengelege.

19
00:01:28,092 --> 00:01:30,262
Opne data tek sikte på å endra dette.

20
00:01:31,193 --> 00:01:36,553
Med standardar for handsaming, lagring og tilgjenge til data så kan vi unngå desse problema.

21
00:01:37,383 --> 00:01:41,573
I tillegg så må dataeigarar ta høgd for personvern.

22
00:01:42,044 --> 00:01:47,654
Dei må sikra at alle opne data er anonymisert og at ikkje privatlivet til nokon er truga.

23
00:01:49,353 --> 00:01:53,623
Det har aldri vore meir data i historia vår enn akkurat idag.

24
00:01:53,632 --> 00:01:55,892
Så kvifor ikkje dra nytte av det saman...

25
00:01:55,892 --> 00:01:59,092
... ved å gjera nummer om til opne data.